Volda-Ørsta kommune

2014-06-18 15:56:55

Reformen vert sett i gang

Arbeidet med nye kommunegrenser er i gang og i juni 2014 seier Stortinget ja til at det er nødvendig med ei kommunereform. Les kva Regjeringa seier om kommunereformen under "Find out more"

2015-11-01 21:14:07

Sonderingane startar

Ørsta og Volda startar dei første sonderingane i november 2015

2016-01-20 21:14:07

Felles kommunestyremøte

Første felles kommunestyremøte mellom Ørsta og Volda der saka om ein ny kommune vert drøfta.

2016-01-29 21:14:07

Første forhandlingsmøte

Forhandlingsnemndene møtest for første gong til det aller første forhandlingsmøtet om ein intensjonsavtale. Les kva Møre-Nytt skreiv om møtet under "Find out more"

2016-02-29 23:13:20

Avtale og økonominotat vert sendt ut

Utkast til intensjonsavtale og økonominotat vert sendt ut til formannskap og delt med innbyggarane i Ørsta og Volda. Sjå økonominotatet her: Klikk på "Find out more" og du får opp heile notatet. Intensjonsavtalen ligg i boksa for "Kommunestyremøte" 21. april

2016-03-15 19:17:25

Intensjonsavtalen blir signert

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, og ordførar i Ørsta, Stein Aam, signerer intensjonsavtale om ein ny Volda-Ørsta kommune. Les kva Sunnmørsposten skreiv om saka under "Find out more"

2016-03-31 12:30:00

Fellesmøte

Felles kommunestyremøte for Ørsta og Volda. Kommunestyra i Ørsta og Volda møttest på Ørsta samfunnshus til felles møte om kommunereform på Ørsta kulturhus. Geir Vinsand frå Nivi Analyse tek del på møtet. Les under "Find out more" kva Møre-Nytt skreiv frå møtet.

2016-04-11 12:59:48

Skulekonkurranse i Volda

I veke 15 arrangerer ungdomsrådet i Volda konkurranse mellom skuleklassene på ungdomsskulane og Volda vidaregåande skule om kommunereform. Vinnarane vert kunngjort 11. mai.

2016-04-11 15:28:27

Skulequiz i Ørsta

I veke 15 arrangerer ungdomsrådet i Ørsta skulequiz om kommunereform på ungdomsskulane og Ørsta vidaregåande skule. Vinnarane vert offentleggjort 18. april.

2016-04-18 15:28:27

Instagramkonkurranse

Ungdomsrådet i Ørsta startar opp instagramkonkurranse. Konkurransen går fram mot folkeavstemminga, bilda skal merkast med eigen emneknagg og skal handle om kommunereform og dei to kommunane Ørsta og Volda.

Volda-Ørsta kommune

Launch
Copy this timeline Login to copy this timeline 3d Game mode